Storseier til smågutelaget mot Førde 5 i kveld

Dei fleste av gutane som var i aksjon i smågutekampen mot Førde 5 på Naustdal stadion i kveld, deltok også i helgas Selje Cup. Og Tambarspelarane var lang ifrå utslitt etter cupkampane i Selje, noko Førdegutane fekk merke.

Tambar sette press på gjestane frå første stund, men hadde problem å sette ballen i nettet trass mange og store sjanser i starten av kampen.
Men når det først løsna for heimelaget, kom scoringane som perler på ei snor.

Etter ein solid 6-0 leiing til pause, vart ikkje andre omgang noko dårligare. I denne omgangen scora Tambar heile sju mål og Førde 5 noterte seg for ei scoring, og kampen enda med det med heile 13-1 til Tambargutane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse