Florø 1 vart for sterke for smågutelaget til Tambar

Trenar Håkon Svoen (bilde) har sendt oss ein fyldig rapport frå smågutelaget sin bortekamp mot Florø 1 mandag kveld:

" Desse smågutane reiste i kveld til Florø for å spele bortekamp mot serieleiaren i gruppe 2 Florø1 G 14. Kampen vart spelt på kunstgrasbana ved Florø stadion.

Vi stilte i dag med desse 12 spelararane.
1.Sander(kaptein)
2.Rodney
3.Stian
4.Eirik
5.Ragnar
6.michael
7.Alexander
8.Henrik G
9.Ole Johan
10.joachim
11.Simon
12.Martin

Vi visste på førehand at Florø var eit godt lag som har vunne alle sine kampar samt har krets og sonespelarar på laget. Vi har for vane med våre gutar å presse høgt men i dag endra vi taktikk og la oss meir defensivt for å sjå kva Florø hadde å komme med.

Vi starta å spele jamt med Florø fyrste 20 minutta og då hadde vi dei største sjansane der vi nesten scora 2 gonger men uflaks hindra det. Florø var godt organisert og tok meir over spelet samstundes som våre spelarar mista litt av strukturen i oppstillinga slik at det vart litt kaotisk. Dette utnytta Florø og hamra inn 2 kjappe mål slik at dei kunne gå til pause med ei 2-0 leiing.

Spelarane fekk tydelig beskjed i pausa om å holde posisjonar og legge meir press på ballførar.

Tambar løfta seg betydelig i 2 omgang vi jobba betre som eit lag, men Florø visste seg å vere sterke og styrte mykje av spelet, men vi forsvarte oss godt. Det kostar krefter å møte eit so godt lag som Florø og vi vart slitne og det resulterte i ytterligare 3 mål mot. På slutten av kampen klarte likevel Tamar å score eit mål der målscorar var Simon.
Stillinga vart 5-1 til Florø.

Det var spesielt 3 tambarspelarar som jobba mykje og godt i kveld og dei fortener litt skryt
Dette var Rodney, Sander og Eirik.

No står det berre att ein kamp i vårsesongen og det er heimekamp mot Førde kommande måndag 15/6 og då vonar vi mange tek turen for å sjå smågutlaget spelar siste kamp før sommaren! "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse