Smågutelaget med godt spel og mange mål mot Florø 3

Smågutelaget var på vinnarsporet att, etter at laget tapte knepent mot Førde 3 i den siste sriekampen dei spela. Med fjorten dagar utan kamp, men med gode treningar, kunne laget i kveld juble for ein konfortabel seier mot Florø 3 på Naustdal stadion.

G13/14 avd.2
TAMBAR-FLORØ3 6-0 (4-0)
1-0 Emil
2-0 Emil
3-0 Sander
4-0 Emil
5-0 Ragnar
6-0 Henrik G

Oppmann Bjarte Røyseth meiner kampen til smågutane i kveld er ein av sesongens beste kampar laget har spelt.

Emil sendte Tambar i leiing etter om lag kvarteret spelt, og fram til pause sette laget ytterliggare tre ballar bak Florøkeeperen.
I andre omgang kontrollerte Tambar inn seieren med to nye scoringar, der Henrik G fastsette resultatet til 6-0.

God innsats frå alle spelarane i kveld, og særlig unggutane i forsvar fortener ei ekstra stjerne.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse