Smågutelaget med knepent tap mot Førde 3 i kveld

Smågutelaget til Tambar gjekk på sitt første tap for sesongen då dei i kveld tapte bortekampen mot Førde 3.

Tambar, som har ein fin miks av 13 og 14 åringar på laget, møtte i kveld eit reint 14 års lag i Førde. Det vart ein jamn kamp, der Førde 3 gjekk opp til både 1-0 og 2-0 i første omgang. Tambar reduserte til 1-2 ved Emil Savland Røyseth på slutten av andre omgang, noko som også vart sluttresultatet.

Oppmann Bjarte Røyseth melder om ein jamn kamp mot Førde 3, der Tambar hadde dei fleste sjansane men ikkje flaksen på si side.

Neste veke har laget spelefri. Dermed vert ikkje neste kamp for smågutelaget før mandag 1.juni, då Florø 3 kjem på besøk på Naustdal stadion.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse