Smågutelaget med storseier i Førde mandag kveld

Tambar sitt smågutelag åpna sesongen med bortekamp mot Førde 6 mandag kveld, og fekk ein pangstart etter å ha vunne heile 9-1.
Trenar for smågutelaget, Håkon Svoen, har sendt oss dette refferatet frå kampen:

" Smågutane starta i dag serien med bortekamp mot førde 6. Kampen vart spelt på kunstgrasbana ved Førdehuset.

Vi stilte i dag med 12 spelarar.
1.Sander (kaptein)
2.Rodney
3.Stian
4.Emil (15min)
5.Ragnar
6.Michael
7.Alexander
8.Henrik G
9.Ole Johan
10.Harald Johannes
11.Simon
12.Odin

Vi la opp til at vi skulle spele fyrste seriekamp med å legge høgt press på Førde.

Gutane våre gjekk offensivt ut og allereie etter 3-4 minutt viste Emil kva lag som var sjef over ballen og på bana og sette sikkert 1 målet.

Smågutane våre fortsette å spele god fotball med mange fine kombinasjonar, breidde på spelet og forsvaret vårt slepte ikkje Førde til med farlege sjansar.
Til pause sto det 6-0 til oss.

2 omgang starta der 1 slapp og vi kontrollerte spelet frå start.

Dei yngste spelarane - 13 åringane leverte god innsats og var godt med i spelet i heile kampen. Det er kjekt å sjå kor godt dei eldste spelarane inkluderer dei yngre i spelet og dette gjev tryggleik for dei yngre slik at dei presterer godt!

Sluttresultatet vart 9-1 til Tambar og vi e godt nøgde med både spel og resultat.
Vi hadde i dag 5 målscorar!

Sander var kaptein og leia laget på ein framragande måte samtidig som han scora kveldens flottaste mål! Han tok med seg ballen frå eigen 16 meter og ga seg ikkje før han sette den i mål hjå motstandar.

Ein flott start på seriespelet! "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse