Årets første treningskamp for smågutelaget i kveld

Tambar Fotball sitt smågutelag møtte i kveld Jølster til treningskamp på Naustdal stadion. Som i fjor, speler smågutane 9er fotball i serien denne sesongen, og for laget som møtte Jølster i kveld, vart dette fyrste møte med denne speleforma. Laga vart på førehand einige om å spele 3x30 minutter i kveldens treningskamp.

Tambar åpna kampen best, og kom til fleire store sjanser i starten av fyrste omgang, med blant anna eit skot i stanga bak Jølsterkeeperen.
Mål vart det derimot når Henrik Grønfur var frampå midtvegs i omgangen og sendte Tambar i leiinga med 1-0.
Leiinga holdt derimot ikkje lenge, då Jølster utligna til 1-1 etter corner like før pause nummer ein.

I andre omgang sendte Joakim Horstad Dale på ny Tambar i leiinga, då han med eit velplassert skot i vinkelen skaut laget opp i ein 2-1 leiing.
Det vart med desse to måla til Tambar i denne kampen, der Jølster kom sterkt tilbake og scora ytterliggare fire mål før kampen var slutt. Dermed enda det med 2-5 tap for Tambargutane.

Tambar spele to gode omganger, men rota det litt til for seg sjølve i tredje og siste omgang. Men mange gode prestasjoner av spelarane i kveld, der dei yngste stod fram på ein flott måte og var godt på høgde med dei eldste. Tre spelarar på laget var ikkje med i kveldens kamp på grunn av skade.

Dommar Samson Vonen hadde grei kontroll på kampen.

I neste veke skal Tambargutane ut att i ny treningskamp. Også den mot Jølster, men då på bortebane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse