Jamn kamp og mållaust i toppkampen

Ingen av laga klarte å score då Tambar og Loen møttes til toppkamp i smågutanes 1.divisjon avd.2 på Naustdal stadion i kveld, og dermed ligg Loen endå tryggare på tabelltoppen. Tambarkeeper Alexander Tybura (bildet) kunne nok ein gong gå av bana utan å sleppe inn mål, noko han har til gode å gjere på Naustdal stadion.

SMG 1.div avd.2
TAMBAR-LOEN 0-0

Dommer: Bjørn Hundershagen

Tambar:
Alexander Tybura
Emil S. Røyseth
Erik Bygstad
August C.Thingnes
Sander K.Nordheim
Mathias E.Gamlestøl
Rodney S.Lending
Sander H.Smådal
Daniel Heggelund
Michael Johannesen

Loen:
Christian Strand
Olav Egset
Jonas Drageset
Morten Halsebakk
Øystein Skåden
Thomas Beines
Marius Rauset
Johannes Tenden
Stian Olsbø
Ulrik Baade
Richard Loen

Det var ein sjansefattig fyrste omgang vi fekk sjå i flomlyset på stadion der, der det såg ut til at både Tambar og gjestane frå Nordfjord var preg av at det var ein viktig kamp.
Også starten på andre omgang fekk vi sjå få målsjanser, sjølv om begge laga var sporadisk frampå med nokre halvsjanser.
På slutten av omgangen tok det derimot litt av for begge lag, og det virka som dei sette inn ein sluttspurt for å kapre med seg tre viktige poeng. Nærast og med flest sjansar var nok Tambar, og det hadde ikkje vore noko og sagt på om dei hadde fått det avgjerande målet.

Men kampen enda mållaus og dermed eit poeng til kvart av laga.
Dermed vart det på ny null baklengs for Tambarkeeper Alexander Tybura, som har til gode å sleppe inn mål på heimebane denne sesongen.

Sjølv om kveldens kamp ikkje var den beste spelemessig av Tambargutane, hadde dei bra kontroll på tabelleinar Loen, og kunne fort ha avgjort kampen til sin fordel med litt meir tur.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse