Toppkamp i 1.divisjon på Naustdal stadion i morgon

I morgon kveld blir det spelt toppkamp i 1.divisjon på Naustdal stadion. Då møtes nummer ein og nummer to på tabellen i smågutane sin 1.div for 9er fotball, Tambar mot Loen.

Tambargutane har hatt ein framifrå sesong så langt. Laget var heilt suverene i si avdeling i 2.divisjon i vår, og vann denne avdelinga klart.
Også i 1.divisjon i haust har laget vist seg å være sterke, og står med fem seierer og eit tap før kampen i morgon. Einaste tapet laget har i 1.divisjon, er nettopp mot mandagens motstander Loen. Kampen i Loen enda med 5-1 seier til Norfjordingane, så det er tydeleg eit godt lag som gjester Naustdal stadion i morgon.

Trenar for Tambar, Svein Arne Nordheim, har vore svært nøgd med kva spelarane han har vist i haust, og har trua på at laget hans kan klare å revansjere tapet mot Loen på bortebane.

Vi oppfordrer bygdefolket til å ta turen på stadion mandag kveld og støtte Tambar Fotball. Smågutekampen starter kl.19.00.
I tillegg til denne kampen, blir de spelt to kampar som begge starter kl.18.00. Dei kampane er G9 Tambar-Florø 1 og G10 Tambar-Florø 1.

PS. Kiosken, med bl.a. nysteikte lappar og nytrekt kaffi, er åpen frå kl.18.00.

Under ser ein tabellen for SMG 13/14 9er 1.div avd.2:

1Loen 60029 - 518
2Tambar 50126 - 715
3Eid 20412 - 226
4Førde 2049 - 236
5Bremang. 11413 - 214
6Stryn 11411 - 224

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse