Smågutelaget imponerer i 1.divisjon - ny storseier i kveld

Tambar sitt smågutelag fortset å imponerer i 1.divisjon, og kunne i kveld returnere frå Eid med nok ein seiersskalp i sekken. 5-1 vann gutane i Nordfjord, og trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten:

" Tambar smågutane fornekta seg ikkje, og kunne bokføre sin 5 seier av 6 mulige i årets 1 divisjon. Denne gangen var det Eid som fekk unngjelde, da gutane vant heile 5-1 på bortebane.

Til pause stod det 2-0, og etter at Tambar hadde gått opp til 5-0, fekk Eid seg eit trøstemål på omtrent sin einaste målsjanse helt på slutten av kampen.

I tillegg til dei 5 målene Tambar scoret, hadde dei også eit hav av målsjanser, noko også antall cornere indikerer. Heile 15 cornere hadde dei. Gutane spelar med autoritet i forsvar, gode avleveringar framover, der vi igjen ruller opp angrep etter angrep. I det heile eit utfyllande lag, der alle bidrar optimalt i sine oppgåver på laget.

Målscorere denne gang var: Daniel (3), Mathias (1) og Michael (1).

Neste mandag er det topp oppgjør i divisjonen, da ubeseirede Loen kjem på besøk. Det kan fort bli seriefinalen som utspelar seg då, og kven som får retten til og spele finale i KM.
Da håper vi at publikum kjem i bøtter og spann og heier fram denne herlege gjengen med smågutespelarar. Det fortjener dei etter mange flotte prestasjoner den siste tiden. Disse gutane vokser med oppgåvene dag for dag, og er helt klart eit av dei bedre lagene i fylket.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse