Smågutelaget kjempar i toppen i 1.divisjon

Tambar Fotball sitt smågutelag gjer det godt i 1.divisjon 9er fotball, etter at dei rykka opp etter ferdispelt vårsesong. Laget kjempar heilt i toppen av tabellen, etter å ha vunne tre av fire kampar i haust.
Mandag kunne laget reise heim frå Bremanger med nok ein seier, og trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Bremanger SMG – Tambarskjelvar SMG 1-4 (0-3)

Første omgang var helt og holdent Tambar sin, og dei kunne gå til pause med ei komfortabel 3-0 ledelse.
I andre omgang kom vertane meir med, og kampen ble mykje meir jamnspelt. Lagene scoret en gang kvar, slik at Tambar gutane kunne returnere til Naustdal med ein flott 4-1 seier.
Forsvaret vårt er meget solid, og offensivt så skapes det mange målsjanser. I tillegg så gjør Alexander i målet ein framifrå innsats.
Målscorere denne gang var Sander N, Daniel og Rodney ( 2 ).

Følgende spelarar er med:
Målvakt: Alexander Tybura (14)
Forsvar: August C Thingnes (14), Emil S Røyseth (13) og Eirik Bygstad (13).
Midtbane: Daniel Heggelund Skjerdal (14), Mathias E Gamlestøl (14), Sander K Nordheim (14) og Sander H Smådal (13).
Angrep: Rodney S Lending (13) og Michael Johanessen (13). "


1 divisjon består av 2 avdelingar ( 6 beste laga i S/F, 9-er fotball, i kvar avdeling ).
Vinnarane av kvar avdeling møtes i kretsfinale til slutt.

TABELL:
Loen 9
Tambar 9
Førde1 6
Bremanger 4
Stryn 1
Eid 0

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse