Avslutta sesongen med brakseier mot Førde

Smågutelaget laga målshow i sin siste kamp for sesongen, då dei vann heile 9-1 mot Førde på Naustdal stadion i kveld. Dermed bytta laga plass på tabellen, og Tambar enda opp med ein 5.plass på tabellen med 9 poeng etter tre seierer i haustsesongen.

Marius Storevik vart lagets mestscorande på Tambar i kveld med heile 5 mål. Jakob Helgheim, Sander Nordheim og Elias Rognebakke scora eit mål kvar.

Dommar Nils Paulen avslutta også sesongen i kveld, noko han gjorde med full kontroll i kveldens kamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse