SMG: Tambar med 4-2 seier mot Gaular

Smågutelaget til Tambar møtte tirsdag kveld Gaular til kamp på Naustdal stadion i 1.divisjon avd.2. Tambarlaget hadde ein oppløftande kamp , då dei møtte Sogndal i sin forrige kamp på stadion. Sjølv med eit knepent 2-3 tap, spela laget jamt mot Sognelaget, og hadde fortent poeng i den kampen.

Difor hadde ein forventningar til laget då Gaular gjesta stadion i går. Og det starta godt for Tambar, som etter ti minuttar spel allerede var oppe i ein 2-0 leiing. Laget viste mykje flott spel, og var effektive framfor mål. Med endå eit må i omgangen, gjekk laga til pause med 3-0 til heimelaget.

I andre omgang kom gutane frå Gaular noko meir med i kampen, og fekk redusert ved to høve. Men Tambargutane kontrollerte kampen inn og sette eit mål i nettet i denne omgangen. Dermed vart det ein velfortent seier med 4-2 over Gaular.

Måla til Tambar var scora av Marius Storevik(2), Elias Rognebakke og Jesper Tomassen.

Smågutelaget har to kampar att før sesongen er over, borte mot Jotun og heime mot Førde.

Nils Paulen har for vane å dømme godt, noko han også gjorde i denne kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse