Jamnt mellom Tambar og Sogndal

Det vart ein jamn kamp mellom smågutelaga til Tambar og Sogndal på Naustdal stadion i kveld.
Laga fylgde kvarandre utover i heile fyrste omgang, der ingen av laga kom til dei heilt store målsjansane. Difor var det greit at laga gjekk til pause med 0-0.

I andre omgang starta Tambar friskast og la eit visst press på spelarane frå Sogndal. Det var difor ikkje heilt ufortent då Tambargutane kunne juble etter scoring av Jakob Helgheim, og 1-0 til heimelaget.
Sogndal var frampå med utligning like etter, og tok no meir over ute på krøllgraset. Sogndal var no framp ved to høve der dei fekk sett ballen i nota bak ein god Thomas Personbråten, og hadde snudd kampen til sin fordel.

Men Tambar gav slett ikkje opp, og tok atter ein gong over initiativet i kampen. Laget hadde fleire sjansar til å utligne, der blandt anna Jesper Tomassen klinka ballen i stolpen. På tampen av omgangen fekk Tambar si fortente redusering, då August Thingnes sette ballen bak Sogndalspelaren.

God kamp av Tambar i kveld, der kampen fort kunne ha bikka andre vegen om heimelaget hadde hatt litt meir tur på avslutningane sine.

Dommer Nils Paulen var som vanleg glimrande.


SMG 1.divisjon 9er:

Tambar-Sogndal 2-3 (0-0)

1-0 Jacob Helgheim
1-1 Sogndal
1-2 Sogndal
1-3 Sogndal
2-3 August Thingnes


Bilder frå kampen:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse