SMG: Sogndal vart for sterke for Tambargutane

Smågutelaget til Tambar Fotball fekk det tøft mot eit godt Sogndal-lag, då dei spela sin andre kamp i haustsesongen i går kveld.

Tambar spelar denne hausten i 1.divisjon, og møter laga Jotun, Årdalstangen, Førde 2, Gaular og Sogndal.

I gårsdagens kamp leda Sogndal 4-0 til pause, i ein kamp som enda med 8-1 seier til heimelaget. Tambar sitt mål vart scora av Jesper Tomassen (t.v på bildet).

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse