SMG: Tambar tapte i jamn kamp

I den historiske 1.divisjonskampen mellom smågutelaga til Tambar og Årdalstangen på Naustdal stadion i kveld, var det gjestane frå Årdal som trakk det lengste strået og kunne gå av bana med seier og tre poeng.

Det var ein jamnspelt kamp vi var vitne til i kveld, der vi fekk sjå få sjansar for begge lag den fyrste halvtimen. Etter 30 minuttar spel vart Årdalstangen tildelt straffespark av kampens dommer Nils Paulen. Tambarkeeper Thomas Personbråten gjekk til motsatt sida av der ballen kom, og gjestane var i leiing med 1-0.
Berre få minuttar etter var Årdalslaget frampå igjen med scoring, og laga gjekk til pause med 2-0 til laget frå Sogn.

Meir sjansar fekk vi sjå til begge laga i andre omgang. Utruleg var det at ikkje frisparket til Jesper Tomassen gjekk i mål. Ballen var innom både stenger og tverrliggar, før ein Årdalsspelar redde på strek og fekk avklart.
Men scoring vart det då Jesper var frampå litt seinare og reduserte til 1-2

Tambar pressa no på og stod høgt med laget, og rulla opp ein del fine angrep og kom nærmare og nærmare ei scoring og utligning. Men den avgjerande scoringa lot vente på seg. Så skjer det som ofte skjer når eit lag har trøkket og jaktar mål. Mot spelets gang er det Årdalstangen som kjem til ein sjanse, og får uttelling på den.
Berre minuttar seinare scorar gjestane yttarliggare eit mål, og er no oppe i 4-1 leiing.

Kveldens mål er det Martin Hukset som står for. Fem minuttar før kampslutt får han klokkereint treff frå 17-18 meter. Ballen går som eit prosjektil i høgre vinkel, ein ball Årdalskeeper sjølvsagt ikkje hadde muligheit å redde.

Dermed enda kampen med 4-2 seier til gjestane, i ein jamnspelt kamp der det lett kunne ha bikka Tambar sin veg.


SMG 1.div
TAMBAR-ÅRDALSTANGEN 2-4 (0-2)

0-1 Årdalstangen
0-2 Årdalstangen
1-2 Jesper Tomassen
1-3 Årdalstangen
1-4 Årdalstangen
2-4 Martin Hukset

Dommer: Nils Paulen, svært god.


BILDER Tambar-Årdalstangen

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse