Historisk 1.divisjonskamp på Naustdal stadion tirsdag

I morgon (tirsdag) vert det spelt den fyrste 1.divisjonskampen i 9er fotball på Naustdal stadion, då smågutelaget til Tambar møter Årdalstangen til kamp.

Som kjent var smågutelaget til Tambar ganske så suverene i den nye speleforma som vart oppretta denne sesongen, 9er fotball. Tambar vann si avdeling i 2.divisjon i vår, der laget til trenar Svein Arne Nordheim gjekk gjennom våren med 8 seierer, ein uavgjort og eit tap. På dei ti kampane i vår enda målforskjellen til laget på utrulege 111-17.

Tirsdagens motstander, Årdalstangen, enda på si side på tredje plass i si avdeling i vårens 2.divisjon. Laget enda på 18 poeng etter seks seierer og eit tap, med ein målforskjell på 82-29. I denne avdelinga var det langt jamnare i toppen enn i Tambar si avdeling, der Jotun og Sogndal også enda på 18 poeng.

Haustens 1.divisjon har to avdelingar for 9er smågutar, der desse laga spelar i Tambar sin pulje:

Tambar
Årdalstangen
Jotun
Sogndal
Gaular
Førde

Kampen Tambar-Årdalstangen startar kl.19.00 på Naustdal stadion, og dommar i kampen er Tambars dommar-ess Nils Paulen.

Kiosken er sjølvsagt åpen, med nysteike lappar og nytrekt kaffi! Vel møtt!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse