Knepent tap sendte Tambar ut av Norway Cup

Skuffa spelarar etter 0-1 tapet for Sotra SK. Foto: Tina S.Lending.

Tambar tapte med knappast mulig margin i dagens 8-dels finale mot Sotra SK, og er dermed ute av Norway Cup.

Sotra SK gjekk opp i leiinga med ti minuttar att å spele i fyrste omgang. Dette resultatet holdt seg fram til pause, og laga tok kvilen med 1-0 til Sotra SK.
I andre omgang fekk vi ingen mål til nokon av laga, og Tambar måtte difor innsjå at laget fekk sitt første tap i årets Norway Cup.

Til tross for tap i 8-dels finalen og at laget ikkje nådde kvartfinalen, har Tambar sitt smågutelag framstått som gode ambasadører for klubben Tambarskjelvar og Naustdalsbygda.
Laget som spelar 9er fotball i den heimlege serien, har framstått som ei stor overrasking i gigantturneringa i Oslo. Laget har vist til gangs at dei beherskar 11er fotball, noko lag som Bergen Nord, Gelo, Lyn og Høybråten/Stovner har fått merke.

Vi gratulerer laget med ein svært god prestasjon i årets Norway Cup.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse