Desse laga kjempar om ein kvarfinaleplass i Norway Cup

Frå kampen mot Høybråten/Stovner. Foto: Tina S.Lending.

Tambar sitt smågutelag har gjort det framifrå godt under årets Norway Cup, verdens største fotballturnering for unge fotballspelarar.

Torsdag (imorgon) spelar laget om ein kvartfinaleplass i denne gigantturneringa på Ekebergsletta i Oslo. Tambargutane møter Sotra SK i 8-dels finalen, etter at dei vann heile 4-1 mot Høybråten/Stovner 1 i 16-dels finalen
Sotra gjekk vidare på bekostning av Lørenskog, som dei slo 3-0.


8-delsfinaler G13:
(Alle med kampstart kl.11.00)

¤ ARGUINEGUIN, CD - HØDD 1
¤ VARD 4 - VESTRE AKER
¤ FYLLINGSDALEN, FK 1 - LAMBERTSETER
¤ SOTRA SK - TAMBAR
¤ RAKKESTAD IF - VIGØR
¤ ASKIM FK - DARDANET, KF
¤ ÅSANE 1 - ULLENSAKER/KISA
¤ ØVREVOLL/HOLSE IL * - KOLBOTN

* Kvartfinaler vert spelt torsdag kl. 17.30
* Semifinaler vert spelt fredag kl. 09.00
* Finale vert spelt fredag kl.19.15

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse