Smågutelaget suser vidare - klar for 8-dels finale

Frå dagens kamp mot Høybråten/Stovner. Foto:Tina Savland Lending

Tambar Fotball gjer det historisk godt under Norway Cup, og etter kampen mot Høybråten/Stovner 1 i kveld, er laget klar for 8-delsfinalen.

I kveldens 16-delsfinale mot Høybråten/Stovner 1 ( kampstart kl.18.30) vart det ny seier for Tambargutane. Laga fulgte kvarandre fram til pause, og resultatet var då 1-1.
I andre omgang sette gutane frå Naustdal opp tempoet, og sette inn tre scoringar i denne omgangen. Dermed vart det nok ein konfortabel seier for Tambar, denne gongen med 4-1.

8-delsfinalen til Tambar vert spelt torsdag kl.11.00.
Laget møter Sotra SK som vann 3-0 mot Lørenskog i 16-dels finalen, og kampen vert spelt på Ekebergsletta.

Tambar er det einaste laget frå Sogn og Fjordane som fortsatt heng med i sluttspelet i klasse Gut 13 - 11 fotball. Både Eid og Tornado Måløy måtte sjå seg slått ut i 32-del finalen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse