Tambar puljevinnar, møter Fjellhamar i A-sluttspelet

Smågutelaget til Tambar Fotball vann også sin tredje og siste kamp i dei innleiande kampane, og vart med det vinnar av pulja si. I dag slo dei Lyn 2 med 2-1, der Elias Rognebakke scora begge måla til Tambar.

Den fyrste kampen i A-sluttspelet går kl.11.00 i morgon (onsdag), der Tambargutane skal måte nummer to i pulje 22, Fjellhamar.
Vinn Tambar denne kampen, vert det ny kamp for laget onsdag ettermiddag.

OPPDATERT ONSDAG 31.JULI:

Tambar er klar for 16-dels finale etter dagens seier mot Fjellhamar. Sluttresultatet vart 2-1 til Tambar. I 16-dels finalen kl.18.30 i kveld møter Tambar austlandslaget Høybråten/Stovner, som gjekk vidare på myntkast etter 2-2 mot Tertnes.

Resultat frå kampen til Tambar finn du her når det er klart !

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse