Smågutelaget med ny storseier i Norway Cup i dag

Tambar sitt smågutelag vann også sin andre kamp i Norway Cup, og fann også målmaskene i dagens kamp.

Motstander i dagens kamp var Bergen Nord 2, og dei hadde lite å stille opp med mot Tambargutane. Heile 7-2 vart det til Naustdalsgutane i dag, og laget er dermed klar for A-sluttspelet før siste kamp mot Lyn 2 i morgon.

Den andre kampen i Tambar si gruppe, gruppe D, mellom Geilo og Lyn 2 vert spelt kl.15.30 i dag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse