Tambar åpna med 12-0 i Norway Cup

Tambar Fotball sitt smågutelag (G13) deltek denne veka på Norway Cup i Oslo. Laget fekk ein god start då dei i dag vann heile 12-0 mot Geilo. Ved pause var stillinga 6-0, og det er tydeleg at Geilogutane ikkje var noko målestokk for Naustdalslaget.

I morgon (mandag) skal laget i aksjon igjen. Motstander er Bergen Nord 2, og kampen startar kl.10.00 på Ekebergsletta.

Tirsdag spelar laget sin siste innleiande kamp i gruppe D, pulje 11. Då møter Tambar Lyn 2, og som truleg vil avgjerde om dei går vidare til A- eller B-sluttspelet. Kampen mot Lyn 2 startar kl.19.30.

Resultar Gr.D pulje 11:

Tambar-Geilo 12-0
Lyn 2-Bergen Nord2 1-1


Alt om årets Norway Cup finn du her: http://norwaycup.no/#

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse