G13/14: Tambar klare vinnarar av avd.2

Allerede før den siste kampen før sommarferien, er det klart at Tambar Fotball sine smågutar blir vinnar av avdeling 2.

Laget har spelt seg gjennom vårsesongen utan tap, og står med imponerande åtte seierer og ein uavgjort før den siste kampen mot Førde 2 i morgon.

Alle kampane til smågutelaget har vore målrike, noko målforsjellen på 109-14 seier det meste om.
I haustsesongen venter truleg meir motstand for Tambargutane. Då vert dei beste laga i dei fem avdelingane slått saman, og laget vil forhåpentlegvis få litt anna motstand.

Vi gratulerer laget og trenarane Svein Arne Nordheim og Terje Gamlestøl med ein flott sesong so langt.

Sjå tabell: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=135456

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse