SMG: Tambar med nok ein seier, vann 9-1 borte mot Førde 4

Trenar for Tambar Fotball sitt smågutelag, Svein Arne Nordheim, har sendt oss denne rapporten etter laget sin kamp tirsdag kveld:

" Tambar SMG var som vanleg i scoringshumør denne tirsdagskvelden også, då dei møtte Førde 4 til bortekamp.

Kampen startet jevnspelt, men med Tambar gutane eit strå kvassare. Midvegs i omgangen kom Tambar gutane seg igjennom forsvarsmuren til Førde. Og, som så mange ganger før, får vi betalt for å bruke heile bredda av bana. Midtbanespelarane våre er flinke til å slå ballen imellom stopper og back, og vingane våre kjem ofte til gode innlegg framfor mål. Dette resulterer i scoringer, så også i denne kampen.

Og ut ifra alle kampane vi har spelt i år, er det bl.a. dette som skiller oss fra de andre lagene angrepsmessig. Istedenfor å prøve å trykke oss igjennom i midten, bruker vi kantane i mykje større grad enn motstandarane. I tillegg er Tambar gutane aggresive, flinke til å komme tett opp i motstandarane og gjøre det vanskelig for dei. Dette medfører også til mange brudd, slik at vi kan komme oss hurtig i angrep.
Kampen enda tilslutt med en sterk 9-1 seier, etter at det stod 4-0 til pause.

Må også berømme målvakt og forsvar. Dei er solide igjennom heile kampen, og slepper motstandarane svært lite til.

Disse var med:

Målvakt: Thomas
Forsvar: August, Martin, Samson, Adrian
Midtbane: Elias, Sander, Daniel, Mathias, Håvard
Spiss: Jakob "

Tambar sitt smågutelag ligg åleine på toppen av tabellen etter seks strake seierer. Sjå tabell:http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=135456

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse