Smågutelaget med sin femte strake seier

Tambar Fotball sitt smågutelag tok sin femte seier av fem mulige tirsdag kveld. Laget fekk då besøk av Førde 2 på Naustdal stadion, og trenar for Tambar, Svein Arne Nordheim har sendt oss denne oppsummeringa frå kampen:

" Tambar smågutane med sesongens femte strake seier, denne gang 7-2 over Førde 2.

Tambar smågutane møtte ikveld Førde 2 til heimekamp. Førde 2 var rekna som Tambar sin vanskeligaste motstandar i denne divisjonen, og det fekk vi fort bekrefta. Førsteomgangen var jevnspelt, der spelet bølga mykje frem og tilbake. Tambar gjekk midtvegs i omgangen opp i ei 1-0 ledelse, men Førde kvitterte raskt med 2 mål. Rett før pause fekk Tambar putta sitt andre, slik at det stod 2-2 til pause. Ali i alt eit rettferdig resutat så langt.

Andre omgang startet mykje slik den første blei avslutta, med nokolunde jevnt banespel. Etterkvart som omgangen nærma seg midtvegs, begynnte Tambar gutane å få meir og meir grep om kampen. Sjansane kom tettare og tettare, og det var kun eit tidsspørsmål når Tambar ville gå opp i ledelsen. Målet kom, og etter det var det stort sett spel mot eit mål. Kampen enda tilslutt med ein fortjent 7-2 seier til Tambar gutane.

Flott innsats gutar, og veldig bra at vi står kampane heilt ut.

Disse var med ikveld:

Målvakt: Thomas.
Forsvar: Martin, August, Daniel, Emil og Samson.
Midtbane: Sander, Marius, Håvard, Elias og Mathias.
Angrep: Jakob. "

Kampens dommer, Nils Paulen, gjorde som vanleg ein god figur og får karakteren M +.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse