Ny storseier til smågutelaget

Tambar Fotball sitt smågutelag har bøtta inn mål i årets sesong, og på ny vart det storseier då laget møtte Florø på bortebane.

Trenar Svein Arne Nordheim seier fyljande om kampen:

" Tambar SMG var tirsdagskvelden i Florø for sin fjerde seriekamp for året.
Og, som i dei 3 foregåande seriekampane, blei det eit nytt målshow.


Etter ein heller dårleg start på kampen, med stort sett kamp på midten, klarte Tambar og tilrive seg en del sjansar. Og etter å ha gått opp til 2-0 midtvegs, såg det ut til at dei trudde dette var gjort. Så, på eit frispark til Florø, kom reduseringa til 1-2, og det virket som om det var ein tankevekkar for Tambar gutane. For etter det, såg dei seg aldri tilbake.

Tambar gjekk til pause med ein 4-1 ledelse, og i andre omgang åpna alle slusene seg igjen. Tambar gutane ga seg ikkje før det stod 12-1 i målprotokollen. Flott innsats, og veldig bra at dei står heile kampen helt inn, sjølv om det blir mykje mål.
Vi hadde også med oss eit par 2001 gutar til denne kampen, som gjorde ein framifrå innsats.

Etter 4 seriekampar har no Tambar smågutane inntatt tabelltoppen med imponerande 4 seiere av 4 mulige og heile 57-4 i målforskjell. Stor applaus til gutane.

Desse var med til Florø:
Thomas, Håvard, Elias, Daniel, Sander, August, Jakob, Martin, Mathias, Emil og Eirik. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse