SMG: Storseier då Tambar vann mot Førde 4 i årets første 9er kamp

Tambar fekk ein pangstart på sesongen då smågutelaget vann heile 9-0 mot Førde 4 på Naustdal stadion i kveld. Laga spelte for første gong ein seriekamp som 9er fotball, og spelarar og trenarar verka være nøgde med den nye speleformen etter dagens kamp.

Trenar for Tambar, Svein Arne Nordheim, har sendt oss denne kamprapporten:

"Tambar SMG møtte ikveld Førde 4 til dyst i det som vart den aller første kampen i 9-er fotball på Naustdal stadion. Og for en åpning på sesongen det blei for Tambar gutane.

Etter ein litt famlande start på kampen, tok Tambar meir og meir over. Til tider mykje flott spel, knallhard jobbing og bortimot pottetett forsvar, gjorde at det stod heile 9-0 til Tambar tilslutt. Det blei stort sett på eit par frispark at Førde greide å true Tambar.
Kejmpeflott start på sesongen."


SMG Tambar-Førde 9-0 (5-0)

1-0 Elias
2-0 Jakob
3-0 Elias
4-0 Sander
5-0 Elias
6-0 Elias
7-0 Sander
8-0 Daniel
9-0 Elias

God dommer: Bjørn Hundershagen


Tambar sitt lag:
Thomas, Mathias, Håvard, Elias, Sander, August, Martin, Adrian, Samson, Jakob, Daniel, David.

BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse