Fire kampar på stadion denne veka

Det vert ei rimeleg roleg veke på Naustdal stadion komande veke når det gjeld kampar, då berre fire kampar vert spelt på kunstgraset desse dagane.

Tysdag kveld skal a-laget i aksjon mot Gaular/Dale 2 i 6.divisjon avdeling 2. Tambar har vist i mange kampar at laget er heilt på høgde med alle laga i divisjonen, men laget slit med å få utteljing på sjansane sine. I sist runde vart det 2-5 tap for Tempo, der Tambar var heilt på høgde, men også i denne kampen hadde dei ikkje tur framfor mål. Blant anna vart det to straffebom på kunstgraset i Florø.
Før kampen på tysdag ligg gjestane frå Gaular på 6.plass med 18 poeng, medan Tambar ligg nede på 11.plass med 6.poeng.

På søndag kan ein sjå 5.divisjonsoppgjeret mellom Anga og Vik. Sjansane er store for at fleire tidligare Tambarspelarar er i troppen til Anga denne dagen. På Vik sitt lag har tidligare toppscorer for Førde, Øystein Myrkaskog, bøtta inn mål etter overgangen til moderklubben denne sesongen.

Desse kampane vert spelt på stadion komande veke:

 

6.div Tambar-Gaular/Dale2
TYSDAG 3. september, Kl.19:00
DOMMER: Jonas Sande Mossestad (Førde IL)

Tambar G11-Høyang
ONSDAG 4. september, Kl.18:00
DOMMER: Truls Savland Røyseth

J12 Tambar-Eikefjord
TORSDAG 5. september, Kl.18:00
DOMMER: Ingrid Marie Rygg

5.div Anga-Vik
SØNDAG 8. september, Kl.15:00

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse