Haustsesongen starter på stadion denne veka

A-laget er fyrst ut på stadion denne veka, og fem kampar skal avviklast den fyrste veka i haustsesongen.

Denne veka startar fotballen opp att på Naustdal stadion etter sommarferien. Berre seniorlaget har tjuvstarta litt på haustsesongen, då dei tapte 2-6 mot Førde 3 tidleg i august.

Seniorane er også dei som skal fyrst i elden på stadion denne veka, når dei møter Fure til kamp tysdag kveld. Dei skal stålsette seg godt, Tambarseniorane, til denne kampen. Fure vann heile 11-1 mot Førde 3 sist veke.

Kampane som vert spelet på stadion komande veke er fyljande:

Tysdag 20 august
Kl.19:00 6.div Tambar-Fure

Onsdag 21 august
Kl.18:00 G11 Tambar-Førde 5
Dommer: Marius Fagerheim Aase

Torsdag 22 august
Kl.18:00 J12 Tambar-Florø
Dommer: Ingrid Marie Rygg

Fredag 23 august
Kl.19:00 J13/14 (7) Tambar-Høyang
Dommer: Truls Savland Røyseth

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse