Truls spelar på Team Sogndal komande helg

Bilde: Truls i aksjon på Naustdal stadion.

Truls og Team Sogndal G2005 deltek i Eliteturnering på Lillestrøm.

Tambarspelar Truls Savland Røyseth er blant dei 16 spelarane som er plukka ut på laget til Team Sogndal G2005. Laget skal delta på Eliteturnering på Lillestrøm komande helg.

Team Sogndal G2005 er spelarar frå heile fylket, der Eid, Kaupanger, Jotun, Gaular, Selje, Sogndal, Førde, Askvoll/Holmedal, Bremanger, Stryn og Tambarskjelvar er representerte.

Team Sogndal møter Jerv og Lillestrøm i dei innleiande kampane på laurdag.
Dei andre laga som deltek på denne turneringa er Sandnes Ulf, Bodø Glimt, Molde, Vålerenga, Brann og Viking. 

Vi gratulerer Truls med uttaket, og ynskjer han og Team Sogndal lukke til!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse