Kjøp ny bil til halv pris gjennom idrettslaget

Med nokre få forpliktelser gjennom fotballsesongen, kan du kjøpe deg flunkande ny bil til 50% avslag!

Tambarskjelvar tilbyr unik muligheit, kjøp bil til HALV PRIS!

Tambarskjelvar Fotball sponser deg med over kr.200 000.- ved kjøp av 7 seter Renault Grand Scenic eller 7 seter VW Touran Businessline.

Tambarskjelvar IL og Tambarskjelvar Fotball har ilag, og kvar for seg, søkt frå ulike hold om midler for betre trafikktrygging av medlemmane i idrettslaget.
I februar har vi fått tildelt frå Sparebank-stiftinga og Gjensidige-stiftinga totalt kr. 950 000.-.

Styret i Tambarskjelvar IL og Tambarskjelvar Fotball har på sine styremøter vedteke at ein ynskjer ein meir sikker transport av barn og unge som er på reise til arrangement i regi av idrettslaget. I tillegg vil ein også hindre at belastninga av dugnadskøyring til foreldre og føresatte vert redusert.

Med desse vedtaka vil ein tilby foreldre/foresatte, og andre tilknytta idrettslaget, om å kjøpe bil til svært redusert pris. Førebels er det laga kontrakter på seks 7 seter biler, noko som kan bli utvida etter kvart.

For å få tildelt denne gåvepakka av bilkjøp, vil det innebære fyljande plikter frå kjøpar:
- køyre til 16 bortekampar vår og 16 bortekampar haust (seriespel)
- køyre til ulike arrangement utanom seriespel (cup, turnering, etc.)

I tillegg til ein svært redusert pris på innkjøp, vil også idrettslaget betale km-godtgjersle på all køyring til arrangement. Her vil ein bruke statens satser, kr.4.20 pr km.

Pris på bil:

Renault Grand Scenic 7 seter kr. 364 900.-. Pris til deg: kr. 182 450.-
Les meir om Renault Grand Scenic 7 seter

VW Touran Businessline 7 seter, kr. 399 000.-. Pris til deg: kr. 199 500.-
Les meir om VW Touran Businessline 7 seter

Då seriestart nærmar seg med stormskritt, ynskjer vi å tilby dei første bilane til interesserte allerede innan neste veke. Vi har pr i dag 3 biler klare for levering. 
Ynskjer du å være først i køen, sender du ein sms til 95796041 og skriv "Bilkjøp Tambarskjelvar".

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse