Fotballgruppa treng fleire frivillige

Bilde: Gunn Steindal deler ut premier på Eat Move Sleep cup på stadion.

Er du jente eller gut, dame eller mann, gamal eller ung? Og kan tenke deg å engasjere deg litt eller mykje i fotballen? Les meir!

Vil du være med å bidra med noko i fotballen i Naustdal? Enten du vil være med i styret, drive med noko sportslig eller kanskje kiosk og arrangement er noko for deg?
Med ein gledeleg auke i aktiviteten i fotballgruppa i Tambarskjelvar, ynskjer vi fleire med på laget. Vi ser etter gutar og jenter, menn og damer i alle alderer, som vil være med i eit supert miljø, der nokon har mykje greie på fotball, medan andre har mindre greie på fotball. Og du, er du pensjonist og har litt ekstra tid og lyst, ikkje nøl med å ta kontakt.

Styret i Tambarskjelvar Fotball er samansett slik:
Gunn Kristin Steindal, leiar
Frank Cirotzki, nestleiar
Gunnar Naustdal, økonomi
Ann Kristin Nigardsøy, utstyr
Espen Langedal
Tore Personbråten
Bjørn-Ole Hjørnevik
Sven Carlsen

Litt info om Tambarskjelvar Fotball:
Er Eat Move Sleep Ambassadør 2019 ( ein av 37 i landet)
14 lag påmeldt i seriespel 2019
45 trenere og lagleiarar
8 lag påmeldt i Kongleriket Turnering 2019
12 klubbdommere
I gjennomsnitt vert det spelt 4-5 kampar på stadion kvar veke
Kiosken er open ved alle kampar på stadion
Arrangerer Kongleriket Turnering (6-9 år)
Arrangerer Eat Move Sleep cup (6-12 år)
Tilbyr dommerkurs, trenerkurs, leiarkurs, etc.

Vart du litt nyskjerrig og ynskjer å vita meir?
Ta kontakt med Gunn: Tlf: 48 27 53 54 - E-post: gksteindal@gmail.com eller Frank: Tlf: 95 79 60 41 - E-post: frankcirotzki@gmail.com

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse