Minnerik treningsøkt for Tambarjentene

Bilde: Even Pellerud og Tambarjentene. Foto: Øystein Ullaland.

Tidligare landslagstrener Even Pellerud med lovord til Tambar J15/17 i treningsøkta på Naustdal stadion torsdag kveld.

Jentelaget til Tambar hadde ei god treningsøkt med tidligare landslagstrener for Norges damelandslag, Even Pellerud, då han besøkte klubben torsdag kveld. I tillegg til damelandslaget til Norge, har han også vore landslagstrener for damelandslaga til Canada og Trinidad/Tobago i mange år.

Pellerud var sjølv nøgd med øka han hadde med jentene, og meiner jentene held jamnt bra nivå både på fotballforståing og teknik. Også jentene var nøgde og seier det var inspirerande å ha ei trening med den profilerte treneren.

Rundt 50 personer møtte opp etter treningsøkta, til det halv anna times lange foredraget Pellerud hadde i auditoriet ved skulen. Her var både trenere, lagleiarar, foreldre og spelarar lydhøyr medan den tildligare landslagstrenaren fortalte om sine erfaringar som trener på høgt nivå, og kva som er viktig for å bli ein god trener.

Sist Pellerud besøkte Tambarskjelvar, vart han glad for boka om Tambarskjelvar som han fekk. Heller ikkje denne gongen forlot han Naustdal tomhendt. Lagleiar for Tambar sitt jentelag, Ludvik Slettehaug, hadde med seg ein "godtepose" med ulike smaksopplevingar frå Håjen og andre lokale smaker.

Bilder frå treningsøkta og foredraget. Alle foto: Øystein Ullaland.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse