KM-kamp og seriefinale på stadion i kveld

Bilde: G13/14 7er spelar KM-kamp mot Selje i kveld.

Tambar G13/14 spelar KM-kamp mot Selje, medan Tambar J15/17 møter Dale i seriefinale.

Tambar sitt jentelag, J15/17, avslutter sesongen i kveld med kamp mot Dale på Naustdal stadion. Etter ein jamn avdeling i vårsesongen, enda Tambar på toppen av tabellen, poenget føre Gaular 2 og Hyllestad/Lavik. Sjå tabell.

Om vårsesongen var jamn i jentenes avdeling 2, har haustsesongen vore minst like jamn og spennande. Tambar har kniva med Førde, Dale og Gaular heile hausten om å bli vinnar av avdelinga.
Kveldens kamp mot Dale kunne blitt ein seriefinale, der både Tambarjentene og Dalejentene kunne ha stukke av med tittelen. Men slik vert det ikkje, dessverre. Til dette har Førde for god målskilnad, med 26 fleire scora mål enn Tambar før siste kamp. Sjå tabell.

Men vi gleder oss til ein spennande kamp på stadion i kveld, mellom desse to gode laga som vert ein slags «moralsk seriefinale». Kampstart er kl.18:45.

 

Tambar sitt smågutelag i 7er serien har vore heilt suverene i sin avdeling denne sesongen. Laget vart ein klar vinner av avdelinga si, noko som betyr spel om KM-tittel mot vinnarane i Sogn og Nordfjord. Sjå tabell.

Den første kampen om KM-tittelen vart spelt sist laurdag. Tambar spela då på bortebane mot Kaupanger, ein kamp som vart prega av ein dommer som ikkje hadde sin beste dag. Kampen enda med 1-2 tap for Tambar.

I kveld speler Tambar sin andre kamp om KM-tittelen, då dei tek imot Selje til kamp på Naustdal stadion. For å ha muligheit til å hente heim KM-pokalen, må Tambargutane vinne kveldens kamp. I tillegg må Selje vinne den siste kampen mellom Selje og Kaupanger komande helg. Kampstart kl.19:15.

Ta turen opp på stadion i kveld og få med deg to spennande kampar. Kiosken er sjølvsagt open!

 

Bilde: Tambar J15/17 spelar seriefinale mot Dale i kveld.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse