Julie deltok på Bakers cup ilag med kretslaget

Bilde: Julie Seljeseth Øverland. Foto: Svein Øverland.

Tambarspelar Julie Seljeseth Øverland er keeper på NFF Sogn og Fjordane sitt J14 kretslag.

NFF Sogn og Fjordane sitt kretslag for J2004 har vore på Bakers Cup på Hamar. Troppen på 17 spelarar, hadde med 8 frå Sunnfjord. Julie Seljeseth Øverland representerte Tambarskjelvar og stod i mål halvparten av dei 5 kampane.

Jentene møtte kretslag frå resten av Norge og eit frå Stockholm. Det var ei flott fotballhelg som var lærerik for trenarar, spelarar og foreldre. Nivået på laga ein møtte var veldig høgt og ballen gikk fort og ein fekk lite arbeidsrom. Jentene frå Sogn og Fjordane fikk hard motstand i alle kampane. Laget spelte 5 gode kampar som alle enda med tap, men med litt bedre uttelling så kunne det blitt ein seier eller to.
Samstundes som innsatsen var god, hadde jentene det kjekt i lag lag og dei får nye vennskap. Vi har mykje kjekk ungdom frå fylket vårt.

Ref.: Svein Øverland

 

Resultat frå NFF Sogn og Fjordane sine kampar:

NFF Sogn og Fjordane - IF Brommapojkarna J14 0-2

NFF Oslo - NFF Sogn og Fjordane 2-1

NFF Sogn og Fjordane - Team BDO 1-3

NFF Indre Østland - NFF Sogn og Fjordane 4-0

NFF Sogn og Fjordane - NFF Østfold FK 1-2 (Bronsefinale B-sluttspel)

 

Bilde: Kretslag J14 NFF Sogn og Fjordane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse