Tambar Fotball inviterer til foredrag med Even Pellerud

Sett av torsdag 25.oktober til treningsøkt og foredrag med den tidligere landslagstreneren, gratis og åpent for alle!

Torsdag 25.oktober kjem ein av dei mest profilerte landslagstrenarane i Norge, på besøk til Tambarskjelvar Fotball.

På Naustdal stadion skal tidligare landslagstrener for Norges damelag, Even Pellerud, ha ei treningsøkt med jentelaget til Tambarskjelvar Fotball.

I tillegg vert det arrangert eit seminar etter treningsøkta, der den tidligare landslagstrenaren, og i dag fagsjef for kvinnefotballen i Norges Fotballforbund, blant anna vil kome med sine fotballfaglige råd.

Even Pellerud har vore trener for Norges kvinnelandslag i fotball i to periodar (1989–1996 og 2012–2015) og han har og vore trenar for Lillestrøm Sportsklubb, Kongsvinger, det Kanadiske kvinnelandslaget i fotball, samt vore ansvarleg for kvinnesatsingen i Trinidad og Tobago.

I dag er Pellerud fagsjef for kvinnefotballen i Norges Fotballforbund.

Både treningsøkta og seminaret er åpent for alle. Treningsøkta starter på Naustdal stadion kl. 18:00, medan seminaret starter kl.19:30.

Tambarskjelvar Fotball har arrangert Bendit Cup sidan 2007. I 2016 vart navnet endra frå Bendit Cup til Eat Move Sleep, der Tambarskjelvar Fotball har vore Eat Move Sleep-ambassadør både i fjor og i år.
Som éin av 37 klubber i landet har Norges Fotballforbund (NFF) valt ut Tambarskjelvar Fotball til å være Eat Move Sleep-ambassadør i 2018. Sunn livsstil hos barn og unge er éin av fleire ting som dei utvalde klubbane kjem til å fokusere på.

Ei av våre oppgåver er å arrangere ein spennande Eat Move Sleep fotballcup der vi i tillegg til kampane, vil lære spelarar og foreldre viktigheita av eit sunt og godt kosthald, nok fysisk aktivitet og god søvn. Fotballcupen vår på Naustdal stadion vart arrangert 18-19 august i år.

Saman med Tambarskjelvar Jenter 15/17 skal han vise korleis ein på ein god måte organiserer og gjennomfører ei trening, og deretter vert det eit foredrag i aulaen på Naustdal skule. Der vil Even Pellerud komme med fleire fotballfaglege råd, svare på spørsmål og fortelje kvifor vi alle vil ha glede av å etterleve tipsa i Eat Move Sleep.

Tambarskjelvar Fotball er stolte over å ha blitt utnemnt til Eat Move Sleep-Ambassadører også i 2018, og synes det er flott av vi som klubb kan vere med å setje sunn livsstil blant barn og unge på dagsordenen.

Meld deg på foredraget og få reservert plass.
Påmelding til frankcirotzki@gmail.com eller sms til tlf: 95 79 60 41

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse