Tambarjentene har funne haustformen

Bilde: Nøgde jenter etter kampen mot Breimsbygda. Foto: Arild Bruflot.

Tambar J13/14 sitt 9er lag kunne returnere frå Breim med storseier. Les referat frå kampen og sjå andre resultat frå tirsdagskampane.

Tambar J13/14 sitt 9er lag har heilt klart funne haustformen, etter at laget har vunne dei to siste kampane sine med konfortable seierer.
Sist tysdag vann Tambarjentene med overbevisande 4-0 mot Hyllestad på Naustdal stadion. Minst like overbevisande var bortekampen mot Breimsbygda denne tysdagen, der laget kunne returnere frå Breim med ein knusande 9-1 seier.

Som vanlig er oppmann for laget på plass og under finn du fakta og referat frå kampen.

J13/14 9er
Breimsbygda-Tambar 1-9 (0-3)
0-1 Linnea
0-2 Linnea
0-3 Johanna
1-3 Breimsbygda
1-4 Anette
1-5 Anette
1-6 Anette
1-7 Johanna
1-8 Karoline
1-9 Cerina

Desse spelte for Tambar:
Cerina, Silvia, Karoline, Julie, Aurora, Lea, Thea, Anette, Linnea, Johanna, Anniken og Oda.

Det vart fotballfest på Breim i kveld for Tambar Småjenter sitt 9ar-lag.

Kampen starta imidlertid med det som kunne blitt ein kalddusj i første minutt, då Breimsbygda kjem gjennom åleine mot keeper. Julie reddar på mesterleg vis.

Etter litt rusk av Tambarjentene i starten fekk dei meir og meir grep på kampen.

10 min: 0-1. Corner frå høgre slått av Johanna. Ballen går til Silvia som skyt, keeper må gi retur, og Linnea set ballen enkelt i mål.

11 min: Stor sjanse for Johanna, men ballen går like utanfor.

16 min: 0-2. Johanna greier å vinne ballen i Breimsbygda sitt forsvar. Ballen blir sentra vidare til Linnea som set inn sitt andre mål bak ein utspelt keeper.

23 min: Silvia spelar seg forbi eit par motstandarar på venstrekanten, går skrått innover og skyt, men keeper greier å avverge scoring.

24 min: Stor sjanse for Karoline, men ballen går like utanfor.

26 min: 0-3. Det blir straffe etter at ein Tambarspelar vart lagt i bakken. Keeper er borti skotet frå Johanna, men ikkje nok til å hindre scoring.

33 min: Breimsbygda spelar seg heilt igjennom, men nok ein gang avvergar Julie scoring på ein stor sjanse.

0-3 til Pause.

2.omgang startar med at Breimsbygda går offensivt ut.

37 min: 1-3. Heimelaget får utteljing etter den offensive satsinga.

Oddvar beordra laget framover på bana etter dette, og det gjekk ikkje lenge før Tambarjentene fekk taket på kampen igjen.

42 min: 1-4. Ballen blir spelt langt framover mot Anette som er på løp. Ho skyt via stanga og i mål.

43 min: 1-5. Anette får ein stor skuddmulighet. Ballen går i tverrliggar og tilbake. Anette set sjølv returen i mål.

49 min: 1-6. Johanna kjem seg fri på høgrekanten og skyt. Keeper må gi retur, og Anette er nok ein gang på rett plass, og set ballen i mål.

50 min: 1-7. Johanna jobba godt i angrep her, og kjempar inn denne scoringa.

51 min: 1-8. Denne har vi venta på og no sat den: Karoline dundra inn dette målet frå venstresida frå nesten død vinkel.

63 min: 1-9. Corner er mål: Cerina slår corner hardt frå venstre. Den går via motspelar og i mål. Dette blir sluttresultatet.

Her kunne skrivast om mange fleire sjansar og, men her vart det nesten nok å halde styr på alle scoringane. 
Den store seieren var nok over all forventning, men fullt fortjent. 
Her kan nemnast gode redningar av keeperane (som og spelte ute), godt forsvarsspel , god kjemping både framover og bakover av midtbana, og gode pasningar og bevegelsar i midtbaneleddet/angrep. 
Kjempegod innsats av alle!

Ref.: Arild Bruflot

 

Resultat frå andre kampar

G10:
Tambar 1-Bremanger 9-9
Florø 3-Tambar 2 17-12

G13/14 7er:
Tambar-Kvammen 16-2

6.div:
Askvoll/Holmedal-Tambar 0-0

Kampar som skal spelast denne veka

G11:
Onsdag kl.18:00 Askvoll/Holmedal-Tambar

J9/10:
Onsdag kl.18:00Tambar-Florø

J15/17:
Onsdag kl.19:00 Tambar-Gaular 2

J12:
Torsdag kl.18:00 Lavik-Tambar

G12:
Torsdag kl.18:00 Tambar-Dale 2

G15/17:
Torsdag kl.19:00 Førde 3-Tambar

J13/14 7er:
Fredag kl.19:00 Førde 2-Tambar

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse