Tambar vann mot Hyllestad i regn og vind

Tambar J13/14 9er vann 4-0 onsdag kveld. Les refferat frå kampen. Sjå resultat frå andre kampar denne veka.

J13/14 9er Tambar-Hyllestad 4-0 (3-0)

1-0 Mathea
2-0 Johanna
3-0 Mathea
4-0 Johanna

Dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar møtte Hyllestad i kveld i eit til tider forferdelig vær med mykje regn og vind. 
Etter ein del fråfall i den først oppsette troppen, stillte Tambar med desse 11 spelararne:

Cerina, Mathea, Julie, Silvia, Karoline, Anniken, Anette, Aurora, Stine NF, Johanna og Thea.

Kampen starta bra for heimelaget. 
3 minutt: Tambar med corner frå venstre. Det var ein meget bra slått corner frå Cerina inn til Mathea som banka ballen i mål på volley. Veldig fin scoring.

6 minutt: Straffe til Tambar etter hands inne i feltet. Etter litt diskusjonar om kven som skulle ta den, tok Johanna ansvar og sette den hardt i mål nede ved stolpen til høgre for keeper.

20 minutt: Hyllestad skyt eit meget bra plassert skot som ser ut til å gå inn nede ved stolperota, men Julie strekker seg og får slått ballen ut. Veldig god redning.

26 minutt: Anette får eit inlegg frå høgre. Ho skyt, men keeper greier så vidt å får slått ut til corner.

34 minutt: Mathea får ballen ca 15 m frå mål. Ho får litt tid og rom til å skyte. Ballen går i mål, og dermed står det 3-0.

I det 35. minutt får Anette ein stor sjanse, men blir avblåst for (hårfin) offside.

I siste sekund av første omgang sender Hyllestad av gårde eit skot som treff tverrliggar (såg det ut til), men for heimelaget heldigvis ikkje scoring.

3-0 til pause. Ikkje ufortjent då Tambar spelte best.

2.omgang fortset med mykje bra spel av Tambar. 
47 minutt: Tambar-frispark. Eit godt stykke frå mål, men Cerina prøver eit skot. Det var hardt og godt plassert, men keeper greier å redde det.

55 minutt: Johanna sender av gårde eit relativt hardt langskot. Det går via ein kanskje litt uheldig Hyllestad-keeper og i mål til 4-0.

60 minutt: Julie sparkar ballen langt ut. Den hamnar hos Stine som er på løp. Ho set ballen like utanfor målet til Hyllestad.

Etter 68 minutt slår Silvia eit fint innlegg frå høgre til Stine som skyt like utanfor.

Heilt på slutten av omgangen fekk Tambar corner. Silvia slår til Anniken som skyt like over.

Dermed vart sluttresultatet 4-0 til Tambar. 
Fortjent lagseier etter ein kamp med mykje bra spel av ALLE, og vil samtidig trekke fram at det veldig kjekt å sjå at forsvarsrekka beståande av Cerina (Thea i delar av første omgang), Aurora og Anniken fungerte veldig bra i kveldens kamp. Sjølvsagt med god hjelp av dei andre spelarane.

Takk til dommar Svein Arne Nordheim som tok på seg å dømme kampen på kort varsel. Han dømde selvfølgelig veldig bra.

Ref: Arild Bruflot

 

Resultat frå spelte kampar til Tambarlag denne veka

Mandag: G10 Tambar 2-Svelgen 13-9

Tysdag: G13/14 Dale-Tambar UTSETT

Tysdag: G10 Florø 2-Tambar 1 17-11

Tysdag: 6.divisjon Svelgen/Bremanger 2-Tambar 2-1

Tysdag: J15/17 Tambar-Høyang UTSETT

Onsdag: G11 Tambar-Jølster2 5-7

 

Komande kampar for Tambarlaga denne veka

Torsdag kl.17:30: G12 Førde 5-Tambar

Torsdag kl.18:00: J12 Tambar-Askvoll/Holmedal

Torsdag kl.19:00: G15/17 Eid-Tambar

Torsdag kl.19:15: G13/14 11er Tambar-Dale

Søndag kl.15:00: G13/14 11er Stryn-Tambar

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse