Fyrste trening for 5 åringane

Bilde: Mange møtte opp då 5 åringane starta opp fotballtrening tysdag.

Mange møtte opp til den fyrste fotballtreninga for 5 åringar.

Tysdag kveld starta Tambarskjelvar Fotball opp trening for gutar og jenter i årskullet 2013. Det betyr born som fortsatt går i barnehagen, eller som skal starte på skulen hausten 2019.
Dette er fyrste gong fotballgruppa starter opp fotballtreningar for så unge born. Tradisjonen har vore dei siste åra, at dei yngste fotballspelarane vår har vore 1.klassingar.

Treningane skal ha mykje fokus på leik med ball, og der ungane skal få utfolde seg og få prøve seg på kunstgraset med ball i trygge omgivnader.

Og utifrå oppmøte på den fyrste treninga, kan vi konkludere med at dette var eit tilbod som både ungar og foreldre sette pris på. 17-18 ivrige jenter og gutar deltok på kunstgraset denne kvelden, der dei unge fotballspelarane både scora mål og jubla.

Ansvarleg for barnefotballen i Tambarskjelvar fotball, Espen Langedal, gjennomførte dagens økt med borna. Han vil bli med gruppa framover, og ein ser føre seg at foreldre etter kvart skal bli meir involvert som trenere.

Om det er fleire 5 åringar i Naustdal som ynskjer å være med på treningane framover, er det plass til fleire.

For meir info, ta kontakt med Espen. Han kan nåast på telefon  45 45 06 69 eller e-post espenlangedal@gmail.com

 

Bilde: Det var ivige 5 åringar som var på sin fyrste fotballtrening tysdag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse