Grasrottrener delkurs 1 - Barnefotballkurset

Bilde: Frå Barnefotballkvelden i Naustdal 2017.

Tambarskjelvar Fotball arrangerer trenerkurs 19. og 26. september.

Tambarskjelvar IL - Fotball arrangerer Grasrottrener delkurs 1, barnefotballkurs,
onsdag 19. og onsdag 26. september kl 17:00-20:30 begge dagar.
Delar av kurset vil føregå som e-læring på Internett, der ein skal gjennom tre modular. Ein modul før første kveld, og to modular før den andre kvelden.

Vi ønskjer at alle med trenarverv innan fotballen har dette kurset i botn. Det vil forhåpentlegvis gje dykk auka kunnskap og kompetanse som vil bidra til meir tryggleik i trenararbeidet. I tillegg vil det kome barna til gode.

Kurset vil bli heldt i Naustdal for medlemmar av Tambarskjelvar. Vil påpeike at ein ikkje treng å ha eit trenarverv i dag for å vere med på kurset. Spelarar på smågut/småjente- og gute/jentelaget som har ein trenarspire i magen er også hjartleg velkomne. I tillegg er dette eit bra kurs for oppmenn/lagleiarar og foreldre. Det vert presisert at ingen forkunnskap er nødvendig for å delta.

Har du spørsmål eller er interessert i meir informasjon knytt til Grasrottrener del 1 barnefotballkurset, ta kontakt med Espen, mob 45 45 06 69 / epost espenlangedal@gmail.com

Meir info om trenerkurset

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse