Nytt kunstgras på Naustdal stadion

Bana er no åpen for treningar

Den siste hand på verket vart lagt mandag ettermiddag, og dermed har vi fått oss ei splitter ny og flott kunstgrasbane på Naustdal stadion.

Akkurat ti år sidan er det sist vi jubla over kunstgraset i bygda, då vi i 2008 gjekk frå "fylkets beste grusbane" til grønt kunstgras på Naustdal stadion.

I motsetning til det førre graset, med sand i graset, har dagens gras den velkjente svarte gummigranulatet. I tillegg til ein heilt anna kvalitet på graset, gjer dette til at vi har fått ei svært god kunstgrasbane, som vi trur alle vil bli svært nøgde med.

Sjølve åpninga av den nye kunstgrasbane er planlagt litt seinare i sommar. Men allerede mandag kveld vart den fyrste treninga gjennomført, då nokre av a-lagsspelarane testa det nye dekket.
Og for lag som er ivrige i å kome seg i trening att, er bana no åpna opp for treningar.

Bilder frå legginga av det nye kunstgraset.
Foto: Bjørn Hundershagen, Frode Naustdalslid og Frank Cirotzki.

Bilde: Det gamle dekket er klar til å fjernast.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse