Legging av nytt kunstgras på Naustdal stadion

Arbeidet er snart i gang, sjå plan for framdrift og behov for dugnad.

Som dei fleste sikkert kjenner til, skal kunstgraset på Naustdal stadion skiftast ut i sommar. Kunstgraset som ligg på stadion i dag, er no blitt 10 år gamalt og modent for å bli skifta ut. Nye Naustdal stadion vart åpna 24.august 2008.

       Bilde: Nye Naustdal stadion vart åpna 24.august 2008 - ti år sidan.

Med eit slikt løft på stadion, seier det seg sjølv at idrettslaget og fotballgruppa vil trenge ein del dugnadsfolk framover. I tillegg til opptak og legging av nytt dekke, skal også asfaltkanten som omkranser fotballbana fjernast.

Førebels plan for arbeidet blir slik:

26.06 – 07.07 Fjerning av asfaltkant rundt bana
08.07  Leverandør starter opprulling av eksisterande dekke
( Ein del av det gamle dekket skal brukast på grendabaner i Naustdal)
08.07 – 12.07 Sjekke grunnarbeid og evt påfyll av sand. Drenering og kummar
12.07 3 trailer levering av nytt dekke
13.07 3 trailer levering av nytt dekke og tek med seg resten av det gamle dekket
18.07 Planlagt start på legging av nytt dekke. Duk, pad og gras blir lagt tilnærma samtidig.
(Her må minst 4 personer være med på heile prosessen)

Meir info om dugnad kjem etter kvart.
Bjørn Hundershagen og Oddvar Hukset leiar arbeidet.

           Bilde: Kunstgrasbana vart ein ny epoke for fotballen i Naustdal.

STENGT BANE!
Bana blir sjølvsagt stengt for trening og anna aktivitet så lenge arbeidet pågår.

ALTERNATIV TRENINGSARENA
Det er avklart med Naustdal kommune at fotballgruppa kan flytte ned fotballmål i kommuneparken i arbeidsperioden, og bruke den som treningsarena.
NB! Hugs sikkerheit for dei som trener, med biltrafikk på to kanter.

Om det vert mykje nedbør, er ikkje kommuneparken egna til treningar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse