Pengedryss frå Sparebanken til nytt kunstgras

Tambarskjelvar fekk gåvesjekk på kr.200 000 frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Bilde f.v: Ingunn Slettehaug, SSF, Gunn Steindal, nestleiar Tambar Fotball, Frank Cirotzki, leiar Tambar Fotball, Siss-May Edvardsen, leiar Tambarskjelvar, Bjørn Hundershagen, leiar banestyre og Elin Aaland, banksjef SSF.

Som sikkert dei fleste har fått med seg, skal det gamle kunstgrasdekket på Naustdal stadion skiftast ut i løpet av sommaren.
Det eksisterande kunstgrasdekket. som vart lagt i 2008, er no så slitt at det nesten er uforsvarlig å spele fotball på det.

Siste biten av midler og finansiering kom mandag ettermiddag. Då kom representanter frå Sparebanken Sogn og Fjordane og overrekte ein gåvesjekk på kr. 200 000.- til det nye kunstgrasdekket.

Dette skriv SSF på si heimeside:

–  Det gamle kunstgrasdekket vil vi dele opp og fordele ut på dei banene rundt om i kommunen som framleis har grus. Dermed blir dette prosjektet ei oppgradering av meir enn berre sjølve stadion, og det syns vi er flott, seier Bjørn Hundershagen.

Leiar i fotballgruppa Frank Cirotzki, fortel at anlegget er i bruk seint og tidleg av små og store.

–  Fotballaktiviteten i klubben vart mangedobla då vi fekk lagt kunstgrasdekke på stadion i 2008. Den er i bruk i skulesamanheng, organiserte treningar og kampar i vekedagar og helgar. Og den blir brukt mykje til uorganiserte aktivitetar i alle aldrar, seier Cirotzki.

–  Tambarskjelvar IL er ein breiddeklubb som har eit stort apparat av trenarar, frivillige og mange aktive spelarar. Vi er stolt over å kunne bidra til denne type aktivitet, og sikre at bygda har ein god samlingsplass for fysisk aktivitet og sosialt samhald, seier banksjef Elin Aaland.

Heile artikkelen kan du lese her

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse