Fair Play kick off og Kongleriket Turnering 2018

Bilde: Rasmus Mo er alltid like engasjerande å lytte til.

Tambar Fotball sine tre representantar fekk med seg gode foredrag og nyttig informasjon torsdagskvelden på Skei Hotel.

Torsdag 5. april heldt NFF Sogn og Fjordane Fair Play kick off på Thon Skei Hotel. Tambarskjelvar hadde tre representantar som fekk med seg flotte foredrag frå sentrale skapnader i fotballmiljøet i fylket; Christoffer Honningsvåg, Rasmus Mo og Tommy Skjerven.

Fair Play

Christoffer Honningsvåg, leiar i Studentspretten Fotball, heldt føredrag med tittelen ”Familien fotball” der han delte si sterke og personlege historie frå ein vanskeleg barndom. For han vart fotballen ein fristad der han kunne vere seg sjølv. I fotballmiljøet vart han sett og teken hand om. Fotballen har betydd så mykje for han at då han byrja å studere ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal ville han gje eit aktivitetstilbod og skape eit fellesskap for studentar der at han starta ei fotballgruppe i Studentspretten som no har heile tre lag i seriespelet.

Sjølvaste Rasmus Mo, omdømmeleiar i Sogndal Fotball, ein motivator og kløppar på relasjonskompetanse tok rommet med storm med sin energi og humoristiske formidlingsevne på sognemål. Rasmus løfta fram viktigheita av å anerkjenne både seg sjølv og andre, å vere raus med ros, dei positive sidene ved å vere del av eit større fellesskap og viktigheita av å skape gode relasjonar med dei menneska ein omgåast. Fotballen er ein viktig samfunnsaktør som fremjer folkehelse og formidlar sunne, gode verdiar og haldningar. Det er dette som er Fair Play.

Tommy Skjerven, NFF Eliteseriedommar, Kaupanger IL, har eit stort engasjement for dommarane i Sogn og Fjordane. Han snakka om korleis ein skal ta vare på dommaren i klubben og korleis leggje til rette for utvikling, samt rekruttering av nye dommarar.

Kongleriket Miniputt turnering 2018

Det var også kick off for Kongleriket Miniputt turnering 2018 for barn i alderen 6-10 år. I løpet av 2018 skal det arrangerast 32 turneringar rundt om på forskjellige stader i heile fylket. Vi i Tambarskjelvar er i gruppe med Eikefjord, Florø, Førde, Svelgen og Kvammen.

Tambarskjelvar IL - Fotball har fått æra av å arrangere den første turneringa som går av stabelen sundag 6. mai på Naustdal stadion. Hovudfokus for turneringa denne sundagen er nettopp Fair Play som skal styrke fotballen si rolle som formidlar av positive verdiar til barn og unge. Det handlar om respekt og framferd både på og utanfor bana.

Dei øvrige turneringsdatoane er sundag 10. juni i Eikefjord der hovudfokus er sunne kioskløysingar, sundag 2. september i Florø der hovudfokus er barn hjelper barn og sundag 23. september i Førde er hovudfokus trafikksikker fotballklubb.

Meir om Kongleriket Miniputt turnering 2018 finn du her 

Vi i Tambarskjelvar IL – Fotball er takksame og stolte over å ha blitt plukka ut som arrangør av Kongleriket Miniputt turnering 2018!

Påmelding til Kongleriket Turneringa i Naustdal kjem etter kvart.

 

Ref.: Espen Eithun Langedal

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse