Klarer Tambar Fotball å stille damelag?

Bilde: Tambar senior damer anno 2009.

Det er mange år sidan Tambar Fotball hadde eit damelag i serien, faktisk heilt tilbake til 2009-sesongen.

At det spirer og gror i fotballen i Naustdal, veit vi som står opp i dette til dagen. Mange unge spelarar knyter på seg fotballskoa fleire gonger i veka, og trapper opp på kunstgrasbana på stadion om eit mål om å ha det kjekt og å verte litt bedre fotballspelar.

Til neste sesong kan det også være ein muligheit for å kunne sjå damefotball på Naustdal stadion, då fleire av dei tidligare og lokale damene har ynskje om å danne eit damelag i klubben.
Sist Tambar Fotball hadde eit damelag i seriesystemet var for åtte år sidan, då Tambar Fotball hadde eit samarbeid med Eikefjord og stilte lag i 4.divisjon. I tillegg til spelarar frå Tambar og Eikefjord, hadde laget også fleire spelarar frå Førde i troppen.

Med store kull både i småjenteklassen og jenteklassen i fotballklubben vår, hadde det sjølvsagt vore flott å få eit damelag opp og gå att. For rekrutteringa frå dei yngre klassane er det ikkje noko å sei på, om jentene sjølv ynskjer fortsatt å spele fotball når dei er ferdig med spel i aldersbestemte klasser.

Mandag kveld vert det oppstartmøte for damefotball i Tambar Fotball.
Det er meldt om ein god del damer som stiller på møtet, og planen er at det vert bestemt at ein oppretter eit damelag frå og med sesongen 2018.

Om du er dame som ynskjer å være med å bidra på laget, vert møtet i møterom ved Naustdalshallen mandag kl.18:00 (oppmøte inngang til hallen).

Tambar Damer anno 2009 spelte mot desse laga i serien: Hafslo, Hornindal, Hyen, Lærdal og Vik.
Meir om damelaget for åtte år sidan, finn du her.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse