Keepertreningar på stadion

Bilde: A-lags keeperane Thomas og Markus inviterer til trening.

Thomas og Markus ynskjer keeperane velkommen til ny trening på stadion komande onsdag.

Tambar Fotball har hyra inn dei to a-lags keeperane til Tambar, Thomas Dobbe Personbråten og Markus Hjelle Cirotzki, for å gi dei unge keeperane i klubben ekstra treningar.

Tilbudet er for jenter og gutar frå 12 år og oppover i dei aldersbestemte klassane i Tambar, og har fokus på dei som allerede står i mål for laget sitt.

Keepertreninga starta opp sist onsdag, og Thomas og Markus er klar att på onsdag. Det er ingen påmelding til treninga, og vi håper alle keeperane har muligheit til å være på dette gode tiltaket.
I fyrste omgang vert det keepertrening kvar onsdag ut oktober.

Keepertrening for gutar og jenter frå 12 år og eldre.
Treninga starter kl.18:00.
Oppmøte på Naustdal stadion.
Ha på høvelege klede, drikkeflaske og keeperhanskar.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse