Fin Super-Onsdag med Even Pellerud!

Even Pellerud og spelarar frå Tambar G12 og J12.

Tidligere landslagstrener for damelaget til Norge og Canada var ein populær gjestetrener på Naustdal stadion onsdag kveld.

Onsdag 20.september hadde vi ein fin ettermiddag og kveld ilag med Even Pellerud.

Tambarskjelvar Fotball var svært glade for å få besøk av tidligere landslagstrener for damelaget, Even Pellerud, til treningsøkt og seminar.
 
Even Pellerud hadde ein fin og god treningsøkt med ein del av spelarane på Tambarskjelvar sine lag i klasse G12 og J12. 
Treningen varte i halvanna time, noko spelarane syns var alt for lite .....
Spelarane som fekk bryne seg på nye øvelser, hadde ønske om at Even kunne kome tilbake til Naustdal også neste onsdag og trene dei :)
 
Etter treningsøkta samla vi oss i aulaen ved stadion, der det vart servert frukt, grønsaker og smothie.
Even fortalte om sitt liv som fotballspiller og den breie kompetansen han har på trenerfeltet.
Prinsippa vedr. Eat Move Sleep vart gått gjennom, med god deltakelse frå det oppmøtte publikum.
 
Super super-onsdag i Naustdal og Naustdal stadion!
 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse