Kampar på stadion komande veke

Møt opp på Naustdal stadion komande veke og støtt våre unge og flinke fotballspelarar. Kiosken er åpen under alle kampane!

Det skal spelast seks kampar på Naustdal stadion komande veke, der Tambar G9 er fyrst ut med kamp mandag kl.18:00 mot Florø 1.
Også 9er laget til smågutelaget skal i aksjon denne kvelden, og nok eit Florølag tek turen til Naustdal stadion denne mandagskvelden.

Tysdag kveld vert det heile tre kampar på stadion. Både Tambar SMJ 9er og Tambar G10 har kampstart kl.17:30. Her vil kampen til småjentelaget gå som normalt på 9er bana, medan G10 laget vil bruke det resterande arealet på bana.
Kl.19:00 tysdag kveld er det duka for lokaloppgjer i 6.divisjon mellom Tambar og Anga. Tambar har vist stigange form utover hausten og må trulig heve seg endå eit hakk for å tukte topplaget Anga.

Den sjette og siste kampen denne veka vert spelt på fredag. Då tek Tambar SMJ 7er imot jentene frå Kyrkjebø.

Mandag 4.september
Kl.18:00 G9 Tambar-Florø 1
Dommer: Ingrid Marie Rygg

Mandag 4.september
Kl.19:00 G13/14 9er Tambar-Florø 1
Dommer: Martin Hukset

Tirsdag 5.september
Kl.17:30 G10 Tambar-Florø 2
Dommer: Fredrik Herstad

Tirsdag 5.september
Kl.17:30 J13/14 9er Tambar-Florø
Dommer: Svein Arne Nordheim

Tirsdag 5.september
Kl.19:00 6.div Tambar-Anga

Fredag 8.september
Kl.19:00 J13/14 7er Tambar-Kyrkjebø
Dommer: Vidar Standal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse