Haustsesongen nærmar seg

Foto: Espen Eithun Langedal.

Oppstart av haustsesongen, Ål cup, nytt design av heimesida, aktivitetskalender Naustdal stadion.

Vi går mot slutten av fotballferien, og mange av laga er allerede i gang med planlegging og forberedelse til årets haustsesong.
Nokre lag deltek på fotballcup før dei starter opp att sesongen etter ferien, blant anna reiser både J12 og J13/14 til Ål cup i starten av august.

Som de ser har heimesida fått ny design i løpet av sommarferien. Grunnen til den nye utsjånaden er rett og slett å gjere det lettare og meir brukarvenleg for brukarane.
Det viser seg at størsteparten av dei besøkande av heimesida bruker no mobiltelefon og nettbrett, og berre eit fåtal bruker pc. Med det nye designet, vil dette gjere det meir brukarvenleg for mobilbrukarane.

Designet på heimesida er enno ikkje heilt i boks, og nokre fleire endringar vil kome framover.

I kalenderen, som ligg under "Naustdal stadion" i menyen, vil du som vanlig finne treningstider, kampar som vert spelt på stadion og dommarar. Kampane for hausten er enno ikkje heilt oppdatert, men vil kome snart.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse