Fotball og grilling på siste dagen av Kent-besøket

Klikk bilde for zoom

I dag flytta jentene frå Kent ut av sine vertsfamilier i Naustdal og Vevring, etter ei flott veke med mange minnerike dagar med aktiviteter som dei var med på ilag med småjentelaget til Tambar.

Den siste dagen i bygda vår vart nytta til fotball på Naustdal stadion, der også Tambar sitt smågutelag, Gaular sitt smågutelag og jentelag deltok i fotballturneringa ilag med Kent og Tambar småjenter. I tillegg stillte Tambar med eit eige trenar/oppmannslag, som for øvrig kunne gå seirande ut av alle kampane sine !

I tillegg til fotballturnering, vart det diska opp med grillmat og kaker til alle spelarar og voksne, noko som vart sett pris på av svoltne spelarar.

Ein av primus motorane for besøk og aktiviteter denne veka, Ludvik Slettehaug, avslutta dagen med ein oppsummering av ei flott og kjekk veke og takka dei kjekke spelarane frå Kent for at dei ville ta turen til Naustdal og Sunnfjord. Kjekt var det også at varaordfører Anne Britt Øyra hadde teke turen til avsluttningsdagen i dag, også ho takka gjestane våre for at dei tok turen til oss.

SJÅ BILDER FRÅ DAGENS AKTIVITETER


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse